
Russland sidan krigen med Ukraina starta i 2022, hatt omlag 10 milliardar dollar i månaden i inntekter på eksport av råolje til India. Stormakta i Asia raffinerer denne olje til diesel og bensin, og eksporter varene attende til den Europeiske Union. Så kan ein jo sei kva ein vil om slik handelspolitiikk, og definere kven som er hyklarar, og kven som hjelper til i ei vanskeleg internasjonal krise.
Etter at Donald Trump dreiv med den siste runden av sjølvskryt, og hevda han redda verda frå atomkrig mellom India og Pakistan i mai 2025, mista India det dei hadde av tillit til Trump. India veit kva slags handelspolitisk press dei vert utsett for i Washington D.C, for å gjere felles sak med Saudi Arabia og Qatar, til fordel for mellom andre Iran og Pakistan.
Det er den muslimske verda som skal sikre Kina og Europa energi. Ikkje Russland. Den siste runden med press frå Det kvite huset vart dråpen som fekk berget til å renne over. Dersom India held fram med å importere olje frå Russland, skal India om 50 dagar ta til å betale 100 prosent straffetoll på eksport til USA. Vel og bra. Då trur eg tida er komen for at India tek til å straffe USA på pungen.
Mellom anna ved å stenge ned call-senter som USA har etablert i India, som held Amerikanske bankar, forsikringsselskap og større internasjonale selskap opne. Med andre ord: Slå av lyset i USA. Dette må truleg til for å lære Amerika at verda har endra seg, og at India, Kina, Russland, Brazil og andre ikkje la seg diktere av ei bølle.
I verste fall risikerer USA å hamne i open militær konflikt med dei to stormaktene i Asia, om Trump vil forsøke å blokkere Asia sine leveransar av energi. Det handlar om mat og forsyningar til 40 prosent av verda sin folkesetnad, for mange eit spørsmål om sjølforsvar, liv eller død.
På lik linje med Russland, har både Kina og India no utvikla hyper soniske rakettar som går langt raskare enn det USA kan skilte med. Tida for Hangarskip-diplomati er over.

God debattskikk
Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les retningslinjene før du deltar.
Disqus-tråden kommer her